Frå jord til bord med finetech
Korleis kan teknologi bidra til betre kvalitetskontroll, rettferdige oppgjer og meir effektiv handtering av frukt og bær?
Ecosort er ei gründerbedrift i Balestrand som utviklar digitale løysingar for å måle, dokumentere og synleggjere kvalitet gjennom heile verdikjeda, frå produsent til kjøpar.
Ved å kombinere teknologi, data og innsikt frå næringa legg dei grunnlaget for meir transparente prosessar, enklare oppgjer og betre avgjerder for både dyrkarar og mottak. I dette foredraget får du høyre om korleis innovasjon og teknologi kan skape verdi frå jord til bord, og om reisa frå idé til framtidig produkt i ei av Vestlandet sine viktigaste næringar.
Brødrene Haraldson har utvikla løysinga og driv selskapet saman.