Innovasjonsdagen 2026
Gode idear og nye moglegheiter skaper ikkje endring av seg sjølve. På Innovasjonsdagen 2026 såg vi nærare på kva som skal til for å gå frå moglegheit til handling og resultat. Gjennom perspektiv på næringslivet i regionen, kunstig intelligens, kundebehov, gründerreiser og leiing fekk deltakarane både kunnskap, inspirasjon og konkrete erfaringar å ta med seg vidare.
Kor står næringslivet i regionen?
Arne Sæterbakken, leiar finans i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, gav oss eit aktuelt bilete av næringslivet i Sogn og Fjordane. Med utgangspunkt i «Ringar i vatn», ei ny ringverknadsanalyse utarbeidd av Tell i samarbeid med Sogn og Fjordane Næringsråd, presenterte han sentrale funn og utviklingstrekk frå regionen. Det gav eit nyttig utgangspunkt for ein dag som nettopp handla om kvar vi står, kva moglegheiter vi har framfor oss, og korleis vi kan gripe dei.
Start med problemet, ikkje teknologien
Professor Morten Goodwin tok oss inn i den raske utviklinga innan kunstig intelligens. Samstundes utfordra han oss til å ikkje la oss blende av teknologien. Før vi spør korleis vi kan bruke KI, bør vi spørje kva problem vi faktisk skal løyse.
Han viste korleis verksemder kan gå meir systematisk til verks, frå å definere eit konkret problem og vurdere data og kompetanse, til å undersøkje om KI faktisk er den rette løysinga. Ansvar, transparens og konsekvensane av teknologien var også sentrale tema.
Slutt å gjette
Olav Mellingsæter tok oss vidare frå teknologi til marknad og kundar med eit enkelt utgangspunkt: Slutt å gjette.
Skal ein utvikle noko nytt, må ein forstå menneska og marknaden ein skal nå. Gjennom testing, læring og kontakt med faktiske kundar kan verksemder finne ut om ideen løyser eit reelt behov, og justere kursen før ein brukar for mykje tid og ressursar. Det kan vere avgjerande både for å finne kundar, samarbeidspartnarar og kapital.
Når ingen vil leiast
Louise Fuchs avrunda dagen med å rette merksemda mot menneska som skal få endring til å skje. I foredraget «Frå kaos til kultur, når ingen vil leiast» utfordra ho tradisjonelle førestillingar om leiing og skiljet mellom formell posisjon og faktisk innverknad.
Tillit og truverd blir ikkje skapte av ein tittel, men gjennom relasjonar og dei små møta i kvardagen. Fuchs løfta også fram sjølvleiing, sårbarheit, identitet, generøsitet og evna til å sjå andre som viktige eigenskapar i eit arbeidsliv i endring.
Lokale gründerar med blikket utover
Innovasjonsdagen løfta også fram to gründerreiser frå Sogn og Fjordane, begge med ambisjonar om å nå langt utover heimemarknaden:
Gudvin Steinar Haraldsson – Ecosort
Ecosort vart etablert i Balestrand i 2025 og utviklar teknologi for betre kvalitetskontroll og meir effektive prosessar i frukt- og bærnæringa. Selskapet har allereie fått betalande kundar og arbeider vidare med utvikling og skalering.
Erik Koopmans – Flokk & Fjell
Under overskrifta «Frå Sandane til verda» delte Koopmans historia om korleis Flokk & Fjell har utvikla seg frå eit lokalt utgangspunkt til ei verksemd som også sel produkta sine internasjonalt. Historia viser at det er fullt mogleg å byggje både merkevare og marknad frå ein liten stad på Vestlandet.
Frå moglegheiter til endring og resultat
Gjennom dagen såg vi innovasjon frå fleire sider. Vi fekk eit bilete av kvar næringslivet i regionen står i dag, såg på moglegheitene og utfordringane som følgjer med kunstig intelligens, vart utfordra til å forstå kundane betre, og møtte gründerar som allereie omset idear til nye produkt og marknader.
Fellesnemnaren var årets tema: Frå moglegheiter til endring og resultat. For gode idear og nye moglegheiter er berre starten. Resultata kjem når vi testar, lærer, tek vala og faktisk set ideane ut i livet.
Ein stor takk til SpareBank 1 Sogn og Fjordane som gjorde dagen mogleg.
Innovasjonsdagen Sogn 2026 vart arrangert av Kunnskapsparken Vestland, Sogn Næring og Innovasjon Norge.