Nøkkelen til å lykkes i din bedrift med neste generasjon kunstig intelligens

Morten Goodwin er professor i kunstig intelligens ved Universitetet i Agder og vert rekna som ein av Noregs fremste ekspertar på KI. Han er medgrunnleggjar og leiande forskar i AI Experts, nestleiar ved Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR), og har gjennom meir enn 20 år kombinert forsking, undervisning, formidling og teknologiutvikling.

 

Med over 200 vitskaplege publikasjonar, fleire bøker og ei rekkje nasjonale utmerkingar for forsking og formidling, er Goodwin ei av dei mest synlege stemmene i landet innan kunstig intelligens. Han er kjend for evna si til å gjere kompleks teknologi forståeleg, relevant og praktisk for næringslivet, offentleg sektor og samfunnet elles. 

Innovasjonsdagen Sogn vil Goodwin gje innsikt i korleis kunstig intelligens endrar arbeidslivet, konkurransebiletet og moglegheitene for norske verksemder. Med ein kombinasjon av forskingsbasert kunnskap, praktiske døme og ein smittande entusiasme for teknologi, viser han korleis bedrifter kan bruke KI til å skape verdi, styrkje konkurransekrafta og førebu seg på framtida. 

Forrige
Forrige

Frå jord til bord med finetech

Neste
Neste

Mennesker og holdninger: Veien til ekte kundeservice og arbeidsglede