Slutt å gjette – kortaste veg til kundar, kapital og samarbeidspartnarar
Ingvild Moen og Olav Mellingsæther har lang erfaring innan digital kommunikasjon og marknadsføring, og kombinerer marknadsvitskap, teknologi og kjøpspsykologi for å forstå kva som faktisk verkar. Saman utfordrar dei etablerte måtar å jobbe med marknad og kommunikasjon på, og viser korleis ny innsikt og teknologi kan gi verksemder eit betre grunnlag for å ta gode val.
Ingvild Moen og Olav Mellingsæther
Mange kommunikasjons- og marknadsbudsjett blir framleis brukte på tiltak baserte på magekjensle og gamle vanar. Samstundes har sofistikert marknadsvitskap og kraftig AI-teknologi på kort tid blitt langt meir tilgjengeleg. Det opnar nye moglegheiter for verksemder som klarer å utnytte innsikta og tilpasse måten dei jobbar på.
På Innovasjonsdagen Sogn held Ingvild og Olav føredraget «Slutt å gjette - kortaste veg til til kundar, kapital og samarbeidspartnarar». Her viser dei korleis marknadsvitskap og kjøpspsykologi kan brukast til å forstå kva som utløyser eit kjøp, ei investering eller eit ja til samarbeid. Gjennom konkrete døme frå mellom anna reiseliv, kultur og underhaldning, bank og finans og frivillige organisasjonar får publikum sjå korleis denne innsikta kan omsetjast til meir treffsikkert marknads- og kommunikasjonsarbeid.
Dei viser også korleis AI-agentar kan inngå i det daglege arbeidet, og korleis nye arbeidsmetodar kan spare både tid og ressursar. Målet er å gi deltakarane konkrete metodar dei kan ta med seg vidare for å nå dei rette menneska, bruke ressursane smartare og kome raskare til målet.
For publikum på Innovasjonsdagen blir dette eit praktisk innblikk i korleis marknadsføring, teknologi og AI møtest, og kva moglegheiter det gir bedrifter som ønskjer å jobbe meir kunnskapsbasert og treffsikkert.