To lokale oppstartsselskap med berekraftige løysingar
I løpet av dagen får vi også høyre frå to lokale oppstartsselskap. Lars Røyrhus med bedrifta “Status Reiseliv” og Tone Megrunn Berge med “BioSpinout One”. Begge er inkubatorbedrifter hjå Kunnskapsparken. Dei vil dele innsikt i løysingane dei held på å utvikla. Dette er ein gylden moglegheit til å ta med seg inspirasjon og innsikt i to spennande oppstartsbedrifter. Les meir om dei under!
Baremark - eit biologisk fallunderlag til leikeplassar
Tone Berge er leiar for oppstartsselskapet Biospinout One som utvikler Baremark, eit 100% biologisk fallunderlag til bruk på leikeplassar. Hennar bakgrunn er frå arkitektur og plan, og som formgiver opplevde ho frustrasjonen på kroppen då ho "måtte" bestille gummidekke til barnehagen der barna hennar gjekk, og sjølv om ho sat i styret var det ingenting å gjere fordi det ikkje fantes alternativ. Med dette vakna ei interesse for å finne ei løysing på utfordringa. Berge er partnar og ein av grunnleggarane i arkitektkontoret Kaleidoscope Nordic og Bioregion Institute, som driv fram nyvinningar innan biologisk materialitet og sirkularitet.
Forenkla tilgang på data og statistikk for reiselivet
Lars Røyrhus lagar ei løysing som samlar all data og statistikk for reiselivet på ein plattform. Dette gjer det mykje lettare for reiselivsaktørar å få tak i innsikt som kan bli brukt til rapportering, analysar og driftsplanlegging. Målet er at auka innsikt skal føre til auka verdiskaping og meir bærekraftig vekst i reiselivet.