Korleis skape konkurransefortrinn av berekraft og samfunnsansvar?

Det grøne skiftet byr på store utfordringar, men også fantastiske moglegheiter for verksemder som vil skape konkurransefortrinn gjennom berekraft og samfunnsansvar. Folk flest ønskjer å leve meir berekraftig og forventar at næringslivet tek meir ansvar. Og i motsetnad til kva mange trur, kan det òg vere svært lønnsamt. I foredraget får du relevante døme, innsikt i forbrukarhaldningar, og ikkje minst gode råd om kva du bør gjere for å ta ei tydeleg, truverdig og relevant posisjon. Og så skal du få vite kvifor det siste ordet du bør bruke når du snakkar om berekraft, er nettopp «berekraft».

 

Foto: CF-Wesenberg/Kolonihaven

Ufullkomen aktivist og klimaoptimist

Petter Gulli er kjend for sitt engasjement for berekraft og samfunnsansvar. Han kallar seg sjølv ein ufullkomen aktivist og uforbederleg klimaoptimist, og han har lite til overs for grønfundamentalistar, dommedagsprofetar og grønvaskarar. Petter elskar alle som kjem med idear som faktisk kan forandre verda til det betre.

Då FNs klimapanel i 2018 la fram rapporten som sa at verda hadde 12 år på å nå klimamåla, sa han opp jobben sin etter 30 år i reklamebransjen og starta selskapet 12YEARS. Her hjelper han verksemder og organisasjonar med å inspirere dei tilsette og finne ei tydeleg, truverdig og relevant rolle innan berekraft og samfunnsansvar.

Petter Gulli er initiativtakar til Grønvaskingsplakaten, styremedlem i WWF Verdens naturfond og spesialrådgjevar for Handelens miljøfond. I 2020 gav han ut boka Håp – ei praktisk handbok for klimaoptimistar. Han er ein aktiv samfunnsdebattant og programleiar for podkasten Gull og grøne skogar.

Han har 30 års erfaring som tekstforfattar, kreativ leiar og strategisk rådgjevar i fleire av Noregs leiande kommunikasjonsbyrå. Han har òg vore kreativ direktør i Bates Singapore med ansvar for Nokia og Heineken i Asia, Australia og New Zealand.

Forrige
Forrige

To lokale oppstartsselskap med berekraftige løysingar

Neste
Neste

6,5 tips til sterk kultur, større sal og super service!