Gjer deg klar for Innovasjonsdagen Sogn 2025!

Kva gjer de for å levere eksepsjonell kundeservice? I ei verd prega av raske endringar og ein stadig meir digital kvardag, endrast både kundenes forventningar og åtferd seg. Difor er eksepsjonell kundeservice viktigare enn nokon gong. På Innovasjonsdagen Sogn på Quality Hotel den 19. September 2025 får du inspirasjon, ny kunnskap og verdifulle moglegheiter for nettverksbygging. Desse tre foredragshaldarane vil ta oss gjennom dagens tema:

Foto: Petter Gulli: CF-Wesenberg/Kolonihaven,

I tillegg til desse vil vi få innsikt i to lokale gründerbedrifter frå Sogn, “Status Reiseliv” og “BioSpinnout One”.

Sikre deg og ditt team plass allereie no!

Earlybird billettar finn du her. Vil du ha redusert pris? Då må du sikre deg desse før 6. juni!

Dato: 19. september 2025
Tid: 09:00 – 14:00
Stad: Quality Hotel Sogndal

Dagen inkluderer ein deilig lunsj og pausesnacks.

Følg med for oppdateringar om foredragshaldarane. Vi ser fram til å sjå deg på Innovasjonsdagen Sogn 2025!

Hovedsponsor

Vi er stolte og glade for å ha med Sparebank 1 Sogn og Fjordane som vår hovudsponsor for Innovasjonsdagen Sogn 2025. Med deira støtte og engasjement for lokal næringsutvikling, gjer dei det mogleg å samle næringslivet i regionen til ein dag full av inspirasjon og ny kunnskap. Sparebank1 Sogn og Fjordane sitt bidrag er avgjerande for at vi kan tilby eit innhaldsrikt program og skape ein arena for vekst og samarbeid i Sogn. Vi takkar for deira uvurderlege støtte og samarbeid!

Forrige
Forrige

6,5 tips til sterk kultur, større sal og super service!

Neste
Neste

Takk til våre samarbeidspartnarar!