6,5 tips til sterk kultur, større sal og super service!

Korleis skaper vi ein arbeidskultur der tilsette ikkje berre kan, men vil levere eksepsjonell kundeservice? I dette føredraget deler Solfrid Flateby konkrete verktøy og inspirerande grep for å byggje ein sterk kultur, der stoltheit, engasjement og det å ta ansvar er nøklane til varige kundeopplevingar og konkurransekraft.

 

Leiings- og arbeidsmiljøekspert

Solfrid Flateby har vore HR- og kommunikasjonsdirektør for kjende selskap som Coca-Cola, Reitangruppa og Bavaria Nordic (BMW, MINI og Porsche). Ho har brei erfaring frå både HR- og kommunikasjonsfaget og har jobba i både offentleg og privat sektor. Ho er særleg kjend for sitt glødande engasjement, sin annleise karriereveg og sitt sterke samfunnsengasjement. Gjennom åra har ho bygd opp leiar­skular, verdiprogram og jobba med utvikling av medarbeidarar, leiarar og selskap. Dette i meir enn 25 år. I 2021 og 2023 blei ho kåra til “Årets Talar” blant over 700 føredragshaldarar på Talerlisten.no, ein tittel som vitnar om hennar evne til å nå fram og skape endring.

Omtalane talar for seg:

«Solid levering, masse energi og humor, samt godt forankra i fagkunnskap.»
«Solfrid skaper varig endring i åtferd. Gjev reell verdi.»
«Kunnskapsrik. Med humor!»

I føredraget sitt vil Solfrid dele inspirerande grep for å byggje ein sterk og stolt kultur, der engasjement og ansvar er nøklane til gode kundeopplevingar og konkurransekraft. Dette er ei unik moglegheit til å hente inspirasjon, innsikt og praktiske råd frå ein av dei fremste i bransjen.

Vi gler oss til eit forrykande føredrag, og håpar du blir med!

 

Forrige
Forrige

Korleis skape konkurransefortrinn av berekraft og samfunnsansvar?

Neste
Neste

Gjer deg klar for Innovasjonsdagen Sogn 2025!